Wednesday 17 April 2013

Berre du kan byggja med kjærleik

Vår moderne og rasjonelle verd er blotta for kjærleik til skaparverket, av di vi førestiller oss at vi eksisterer i eit mekanistisk univers. Då Gud skapte mennesket i sitt bilete var det nett fordi han gav oss evna til å skapa, det er dette det tyder å vera skapte i Guds bilete. Eg tenkjer ikkje her fyrst og fremst på ein religiøs Gud, eg tenkjer mest på den gudsforståinga som Christopher Alexander har vist oss, og som du kan lesa om i denne kommentaren hos P2P-Foundation.

Skapinga av Adam, av Michelangelo Buonarroti (1475–1564)

Å skapa er å blottleggje Guds vesen, som ein stjerneport kor igjennom Guds auge stirer mot oss, ein direkteveg til Gud. Dette skjer gjennom å intensivere sentra, kva Christopher Alexander kallar for heilskapsutvidande transformasjonar, den ypparste forma for bøn. I middelalderen var dei gode på dette, kva ein kanskje kan kalla for "lovbygging", "lovmaling", "lovveving" og sjølvsagt òg lovsong. Men vara meg vel, ikkje den lovsongen vi finn hos dagens gladkristne, som er like falsk som dei moderne gudshusa deira. Det var i middelalderen vi fann ekte Gudstru, materialisert i kvar einaste stein dei kjærleg forma.
The builders of Florence, especially those building from about the year 1000 A.D. to 1500 A.D., lived and worked with an unshakable belief in God. As one looks at the works that came from their hands, God is everywhere: in the paintings now hanging in the Uffizi, in the Baptistery, in San Miniato, in the life and death of Beato Angelico living in his cell in the monastery of San Marco. For them, every stone was a gift to that unshakable belief in God they shared. It is the belief, the unshakable nature of the belief, its authenticity, and above all its solidity, which made it work effectively for them. We, in our time, need an authentic belief, a certainty, connected with the ultimate reaches of space and time -- which does the same for us. — Christopher Alexander, The Luminous Ground, side 42
Utsyn mot elva Arno i Firenze. Kunstnar: Giuseppe Zocchi (1711-1767)

I dag har vi byta ut trua på Gud med trua på Mammon, og som kjend kan ingen tena to herrar. Det berande prinsipp er profitt, ein kan trygt seia at for dagens utbyggjarar er kvar einaste stein som ei gåve til Mammon. Eller kanskje burde vi heller seia frå Mammon? Som eg las det i ei avis tidlegare i år, når ein ser barcoderekkja i Bjørvika er det pengane som glefsar mot fjorden, det nye gliset til tigerstaden. Der profittmotivet er det høgste av alle motiv, der vørdnaden for det heilage for lengst er gløymt. Det er lenge sidan vi mista Guds vesen av syne, og med det evna til å skapa. Slik Gud i si tid skapte oss utav jorda gjennom dei femten transformasjonane, dokumentert i The Phenomenon of Life. Gudsmotivet eksisterer ikkje lenger.

Barcode i Bjørvika, Oslo sin skinande nye tanngard mot fjorden, det er pengane som glinsar. Foto: Bjørn Erik Pedersen

I vesten i dag er vi so byrge av fridomen vår. Kva for ein fridom? Sjølvsagt, den fridomen som den moderne liberalismen har definert for oss, og som er avgrensa til eit strengt privat domene. For når det gjeld å (de)forma verda er det teknokratiet som har all makt, vår fridom er ikkje anna enn ein strengt administrert fridom, eller kva James Kalb kallar for tyranniet under liberalismen. Ein fridom der menneska ikkje er frie til å skapa verda i Guds bilete, det tyder i sitt eige sanne bilete, er ikkje verdt ein femøring.
My conclusion is that careful construction of the world, according to the principle that every center is made to be related to the true I of the maker, will result in a world which is practical, harmonious, functional. If this is true, astonishingly then, it would appear that the safest road to the creation of living structure is one in which people do what is most nearly in their hearts: that they make each part in such a way that it reflects their true feeling, in such a way that it makes them feel wholesome in themselves and is, in this sense, related in the deepest way to their own true I.

For someone educated in the 20th-century way of looking at the world, this is enigmatic, if not ridiculous. It means that a world constructed in the most personal and individual fashion, made by people who are searching deeply to follow the nature of their own true I, their own true selves, will be – in the most public, objective, and universal sense – a world which is functional, adequate and harmonious.

The enigma which arises, then, is that the process by which human beings create the world in their own image, gradually creates a living world, and this is – apparently – the best, and most efficient way in which a living world can be created. Of course, the phrase "in their own image" requires that it be the true self they are looking for; and implies that this larger process of building the world cannot be separated from each person’s personal search for the true self. — Christopher Alexander, The Luminous Ground, side 142
Å søkje Gud er å søkje sitt sanne eg. Å frata mennesket denne moglegheita, slik det moderne teknokratiet har gjort, og fremst mellom desse dei skandinaviske velferdsstatane, er å rive grunnen under heile mennesket sin eksistens. Når dei kallar oss frie menneske spottar dei oss, vi er bundne på hender og føter av teknokratiet, representert ved byråkratiet, korporasjonane og kanskje fremst av alle arkitektane. Er det noko rart vi har vorte likesæle til skaparverket og kvarandre når ingen av oss lenger veit eller langt mindre har lov til å skapa venleik? Du finn knapt ein stein i dag som er forma som ei gåve til Gud.

Ein russisk økolandsby under bygging, frå Belgorod Oblas. Foto: Лобачев Владимир

Kampen for venleiken er kampen for kjærleiken. Kven som kjem fyrst er her opplagt, venleiken er opphavet til kjærleiken. Det moderne mennesket er snart ute av stand til å elska noko som helst av di verda har vorte so meiningslaust stygg, forma som ho er av den rasjonelle modernismen. Styggskapen er i ferd med å kverkja oss. Kampen for venleiken er den viktigaste kampen verda står overfor.

Sentra styrkjer sentra, det er inkje mindre enn Guds auge som stirer mot oss. Foto: Derek Ramsey 

Christopher Alexander har nett kome med ei ny bok om denne kampen, med tittelen The Battle for the Life and Beauty of the Earth: A Struggle between Two World-Systems. Eg vil avslutte med eit sitat frå denne boka, som både kan sjåast som ein framtidsvisjon og ei innstendig oppfordring til oss:
Using the comprehensive paradigm of conceptual tools and stepwise actions, and taking the great care that has been described, it is within our power to recover the deeper aspects of human nature and work our way toward a compassionate and ethical civilization. It is possible to recover ourselves, our world, and a future for our children and their children — one that is rooted in profound and lasting values.

Knowing that our devastated civilization cannot be repaired in a hurry, we may assume it can be rebuilt and reaffirmed only if we go very deep into the foundations of this new potential civilization. That requires, as underpinning, a renewed physical world, together with a new way of building and looking after land.

We can begin now. We can lay out a new way of thinking which is, perhaps, deep enough to give us the stepping stones we need to replace the disastrous errors we made during the last century.

If we have sufficient courage, we can make a difference in our lifetimes. In a couple of hundred years we may have recovered our selves, our wits, our common sense, together with a newly inspired framework, giving us back real architecture as the locus of our new life and recovery.  Christopher Alexander, The Battle for the Life and Beauty of the Earth, side 475
Les boka og bli med i kampen for venleiken du òg. Og hugs, det er berre du som kan byggja med kjærleik!

Relatert lesing:

No comments:

Post a Comment

Note: only a member of this blog may post a comment.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...