Friday 27 December 2013

Sirkus for eliten

Eg har lita oversikt over alle planane for fjordbyen Oslo og er heller ingen ekspert på Christopher Alexander. Men eg er likevel skuffa over at byplansjefen i Oslo, Ellen de Vibe, i tilsvaret sitt til artikkelen ”Stakkars vesle Oslo” (Dag og Tid 13. og 20. april), vel å oversjå kritikken til Nikos A. Salingaros, eit av Alexanders ”born”.

De Vibe peikar på at Grünerløkka òg vart skapt på eit kommersielt grunnlag. Men fyrst og fremst vart Grunerløkka skapt ut av eit tradisjonelt grunnlag, tradisjonalistane elska å boltra seg i historia. Jugendstilen er kanskje den fremste bragda deira, prega av eit utruleg variert formspråk, som henta inspirasjon frå heile verda. Art deco etterlèt seg fleire rikt utforma skyskraparar, i samsvar med den universelle skaleringslova, definert av Salingaros, som går att i all tradisjonell arkitektur.

Grünerløkka. Foto: Helge Høifødt

Modernistane ynskte å restarta verda frå null og såg alle verdas evolverte formspråk som irrelevante for deira prosjekt. Alexander har dokumentert at all tradisjonell arkitektur er prega og halden saman av det han har definert som dei femten eigenskapane for liv, i boka The Phenomenon of Life. Modernistane, i alle utgåver, har derimot eit lutfattig formspråk samansett av kubar, flater og sylindrar, som dei vrir og vender på for å gjera dei spanande. Dei vert òg stadig meir skinande. Dei gjer alt i deira makt for å kalla på merksemd.

Dei femten livsverdiane derimot skrik ikkje etter merksemd, tvert imot, di meir framtredande dei er, di meir glid dei inn i ein heilskap vi knapt kan merka. Dette fordi dei er sprungne ut or naturen. Saman held dei heilskapen i hop, lik ligninen som held vedcellene saman i treet, og formar det Alexander kallar sentra. I lag skapar sentra sterke sentra, som eit mektig eiketre. Likevel, ein by er ikkje eit tre, noko Alexander har grunngjeve i det vidgjetne essayet frå 1965, ”A City is Not a Tree”.

De Vibe oppfordrar til å venta og sjå kva som skjer. Ironisk nok er dette vist i illustrasjonen som følgde innlegget, med folketomme gater utanom rushtidene. Dette fordi bygningane som omkransar gata, same kor skinande og spektakulære dei er, skyv folk frå seg. Dei manglar den strukturen som bind menneskesjela til seg, vi kan spegla oss i dei, men det er ikkje vårt sanne eg vi ser. Dei er abstrakte og reduserer oss soleis til abstrakte menneske. Lågare går det ikkje å falla. Og slik er vi i ferd med å missa hovudstaden vår, kulturen vår og til sist oss sjølve.

Stasjonsallmenningen, Bjørvika, Oslo. Foto: Helge Høifødt

Denne nedgåande spiralen er drøfta i Salingaros’ essay ”Neuroscience, the Natural Environment, and Building Design”.

Eg er redd den varme leppa rundt vasspila, slik de Vibe skriv, vert meir som eit iskaldt dødsskyss. La oss få ein slutt på dette sirkuset for eliten. Dei held folket for narr!

Innlegget er publisert i Dag og Tid nr. 17, 27. april - 3. mai 2012, side 32.

No comments:

Post a Comment

Note: only a member of this blog may post a comment.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...